Åkneset:

Forsinka med dreneringsprosjekt

Måleinstrument: Lagerhallen til rasseksjonen til NVE i Stranda har spesialkonstruerte instrument. Frå venstre: Geolog og prosjektleiar Gustav Pless, seniorrådgjevar Kjell Jogerud og leiar for SVF Eldar Gjærde.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Store mengder snø og rasfare gjer at NVE er forsinka i kartleggingsarbeidet som vil gi svar på om det er mogleg å drenere det rasutsette fjellpartiet Åkneset. Dette melder NRK Møre og Romsdal.

Etter planen skulle NVE starte årets prosjekt i førre veke, men har utsett arbeidet inntil vidare på grunn av tryggleiken, opplyser seksjonsleiar Eldar Gjærde til NRK.

Kartleggingsarbeidet har ein samla kostnad på 45 millionar kroner, og går over tre år. I prosjektperioden skal det borast minst seks djupe hol som fortel korleis vatnet gjer fjellet ustabilt.


NVE i Stranda har bora 300 meter djupe hol i farleg fjell

Hektisk innspurt for historisk vassprosjekt på Åknes

NVE har fått viktige data om rasfaren ved Åknes denne sommaren.



Åkneset

Har kome langt i prosjektet

- Vi ligg godt i rute med kartlegginga ved Åkneset.