Skal du øvekøyre i år?

Vegvesenet inviterer til møte for følgjepersonar

Illustrasjonsbilete.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Torsdag kveld, 12. april, inviterer Statens vegvesen til informasjonsmøte i Storfjord kulturhus for alle som skal vere følgjepersonar ved øvingskøyring.

Dei som fyller 16 år i år har fått tilsendt eit brev frå vegvesenet, med invitasjon til føresette og andre følgjepersonar om å melde seg på kurs.

– Når ein skal lære seg å køyre bil, er det viktig å starte læringsarbeidet så tidleg som mogleg. Ein bør helst ta det trafikale grunnkurset før ein fyller 16, og vere klar til å øvekøyre så snart ein har fylt år, seier sensor Bjørn Ståle Sildnes, som skal vere møteleiar på Stranda.

Trafikklæraren vil vere fagpersonen under opplæringa, men det er følgjepersonane som skal vareta tryggleiken og sørge for at ungdommen får øve seg mest mogleg, seier sensoren.

– Jo meir ein har fått køyre saman med trafikklærar og øvd på å køyre saman med følgjeperson, jo tryggare og sikrare blir sjåføren den dagen han eller ho skal køyre heilt aleine. Ulykkesrisikoen hos unge sjåførar vert mindre med mengdetrening.

Trafikktryggleik vil vere ein raud tråd gjennom informasjonsmøtet.

– Historisk sett har det vore størst del av unge vaksne blant dei drepne og skadde i trafikken, men det er heldigvis ei positiv utvikling med nedgang i talet på ulykker for denne aldersgruppa, opplyser vegvesenet.