Sjå oversikta:

Her kjem det ny asfalt

Illustrasjonsfoto.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Følgjande strekningar i Stranda kommune får ny asfalt i år, opplyser Statens vegvesen:

  • Fv. 60 Fjørstad-Overvoll (2 760 meter).
  • Fv. 655 Tryggestad-Fivelstad (4 224 meter).
  • På fv. 80 mellom Hauge og Hole i Sunnylven blir det lapping somme stader (flatelapping).

På vegstrekningane inn og ut av kommunen blir det asfaltering ved Brunstad og mellom Aure og Tynes på fv. 60 i Sykkylven kommune, samt mellom Veiberg og Eidsdal på fv. 63 i Norddal kommune.

Du kan sjå oversikta for heile landet i vegvesenet sitt interaktive kart.