Straumstans i Liabygda

Nyhende

Torsdag morgon kl. 09.30 stoppa Stranda Energi straumforsyninga til abonnentar i Liabygda. Området dette gjeld er frå Stordal-grensa mot Ringset, Ansok og Gravaneset, opplyser nettselskapet.

– Det blir arbeidd med vedlikehald på høgspenningslinja, som har fått «smake på» ein tøff vinter med mykje snølast på trådane, skriv dei på Facebook.

Straumen vil etter planen vere tilbake ca. kl. 12.30.