Kommunesamanslåingsprosessen:

Sykkylven i samtalar med Ålesund kommune

Arkivbilete frå forhandlingsmøte mellom Sykkylven og Stranda i mars 2016. Frå venstre Petter Lyshol, May-Helen Molvær Grimstad, Odd, Jostein Drotninghaug, Njell Hoftun, Erlend Krumsvik, Kjartan Lied, Åse Elin Hole, Svein Erik Rimstad, Frank Sve.   Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Sykkylven og Ålesund skal ha sonderingsmøte med tanke på mogleg samanslåing, melder NRK Møre og Romsdal.

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), seier til NRK at ho er open for samtalar – men legg til at det hastar med ei avklaring om Sykkylven skal bli ein del av den nye storkommunen.

Stranda kommune hadde som kjent sonderingsmøte med Sykkylven 23. mars. Resultatet av dette var at formannskapet i nabokommunen skal ha møte med adhocutvalet i Stranda.


Inviterar Stranda i dialogmøte

Sykkylven sonderer nabokommunar