Åknes/Tafjord Beredskap

Testar varslingssystema

Illustrasjonsfoto.  Foto: Åknes/Tafjord Beredskap IKS

Nyhende

Åknes/Tafjord Beredskap IKS skal teste systema for befolkningsvarsling ved ei eventuell fjellskredhending i dag, torsdag. Tidspunktet er mellom kl. 15.00 og 15.30.

– Dette inneber at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing, skriv det interkommunale selskapet i ei pressemelding.

– I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune. 

Ein blir oppfordra til å informere barna om testen på førehand.


Alarm i Storfjord-kommunar

Høyr tsunami-test her

Ved 15-tida i dag gjekk alarmen frå tyfonar i dei fire kommunane Stranda, Stordal, Norddal, og Ørskog. Alarmen er ein test og publikum skal ikkje gjere noko.

 

Denne gongen blir det mogleg å gi ei tilbakemelding om befolkningsvarslinga gjennom ei spørjeundersøking. Denne blir lagt ut på aknes.no og på heimesida til kommunen, opplyser Åknes/Tafjord Beredskap.

Dei poengterer at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella, og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt ras blir utløyst.

– Kommunane rundt Storfjorden er opptekne av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette.


Åknes Tafjord Beredskap

Nøgd med varsling

– Alt i alt må vi seie oss nøgde med testen av varsling, seier beredskapskoordinator Hilde Brandshaug Vikås.