Noregs Mållag:

Til kamp for digitale læremiddel på nynorsk

NY DIGITAL KVARDAG: Stadig meir av skulekvardagen går føre seg på skjerm, men digitale læringsressursar på nynorsk er mangelvare. No sparkar Noregs Mållag i gang ein ny kamp for å endra på dette.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

HASTAR: – For oppslutnaden til nynorsk i skulen og for den oppfatninga nynorskbrukande elevar har av seg sjølve, er det kritisk viktig å sikra digitale læringsressursar på nynorsk, meiner leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.  Foto: Noregs Mållag

Nyhende

– Det er kritisk viktig å sikra nynorskbrukande elevar digitale læremiddel på nynorsk, meiner leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn. Han etterlyser politisk vilje til å finpussa Opplæringslova og stilla strengare krav.

Den nye digitale skulekvardagen og kampen for å sikra nynorskelevane læringsressursar på sitt eige språk blir eitt av hovudpunkta på landsmøtet til Noregs Mållag i helga. Det er ikkje utan grunn av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) er invitert til å halda hovudtalen.

– Titusenvis av nynorskbrukande elevar manglar i dag digitale læremiddel på sitt eige språk, seier Aasbrenn.


 

Han peikar på at nynorskelevane i staden må bruka digitale læringsressursar som berre finst på bokmål eller engelsk.

Ein rapport Noregs Mållag har fått utarbeidd om situasjonen for digitale læremiddel på nynorsk viser ifylgje Mållaget urovekkjande resultat. Rapporten har sett nærmare på bruken av digitale læringsressursar på fire ulike skular i nynorskområde. Av 104 ulike appar, nettsider og andre læringsressursar som er i bruk på desse skulane, er berre femten tilgjengelege i nynorskversjonar.

Mållagsleiaren meiner dette viser at situasjonen er urettferdig og peikar på at det rammar mindretalsbrukarar av språk som er sårbare for påverknad.

– Opplæringslova må bli tydelegare

– Vi meiner difor tida er inne for å pussa på dei gamle krava om at læremiddel skal koma på nynorsk til same tid og til same pris som på bokmål, seier han.

Han meiner forskrifta til Opplæringslova i dag er for vag på dette området når det gjeld digitale læremiddel.

– Vi vil difor ha ei innstramming av Opplæringslova som seier at det som blir brukt som læremiddel, skal vera både på bokmål og nynorsk, seier Aasbrenn.

Mållagsleiaren meiner styresmaktene også bør stilla krav om at ingen skal kunna bruka eit læremiddel som ikkje finst på nynorsk.

Føreslår ny stønadsordning

For å stimulera til at det blir utvikla digitale læremiddel på nynorsk, føreslår Noregs Mållag dessutan at det bør innførast ei stønadsordning for læremiddelprodusentar.

– Kanskje bør det også opprettast ei ny godkjenningsordning slik at skulane ser kva som er godkjende læremiddel, seier mållagsleiaren.

Han peikar på at kvaliteten på det som finst av digitale læringsressursar på nynorsk i dag, er svært varierande og meiner at det trengst sterkare styring også på dette feltet.

Nynorsk må også vera på plass i tekniske standarar, strekar han under.

– Når nynorskelevar tek opp iPaden sin, skal det ikkje vera slik at dei må klikka på nynorsk for å få standardtekstane på nynorsk. Standardløysingane må vera på nynorsk slik at ikkje nynorsk får eit slags teknologisk B-stempel, slår han fast.

– Avgjerande for framtida til nynorsken

– Kor viktig er det å få gjort noko med digitale læringsressursar på nynorsk no?

– Det er kritisk viktig fordi dette har fått halda på i altfor mange år. Dersom 76 000 nynorskelevar i grunnskulen får inntrykk av at nynorsk er eit ikkje-digitalt språk, eit slags B-språk som dei kan greia seg utan, er det svært kritisk for oppslutnaden om nynorsk i skulen og for den oppfatninga elevane har av seg sjølve som nynorskbrukarar. Dette burde difor ha vore sett i gang for lenge sidan, men når kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) kjem på landsmøtet vårt håpar vi å få fart på sakene, seier Magne Aasbrenn.

(©NPK)