Fv 60 i Velledalen:

Tre bilar involvert i ulykke

Skjermdump frå vegvesenet sitt interaktive kart.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Naudetatane rykka ut til ei trafikkulykke på fv. 60 i Velledalen like etter kl. 15.30 i dag, søndag.

Fylkesvegen vart stengt etter ulykka. I 17-tida starta ein med dirigering av trafikken, ifølgje Sunnmørsposten sin medarbeidar på staden.

NRK Møre og Romsdal skriv at tre bilar, med ein person i kvar bil, var involvert. Ein bil skal ha blitt påkøyrd då han stoppa opp, og bilen som køyrde inn i den hamna over i motgåande køyrefelt og kolliderte med ein tredje bil som kom i mot.

Førarane skal vere i slutten av tenåra, i 40-åra og i 70-åra.

I ei melding på Twitter kl. 16.56 skriv politiet at mannen i slutten av tenåra vart frakta til sjukehus, medan dei to andre førarane vart sendt til lege for sjekk.

Kl. 18.00 opplyser Helse Møre og Romsdal at mannen i 40-åra blir behandla for moderate skadar på intensivavdelinga ved Ålesund sjukehus. Tilstanden til mannen er opplyst å vere stabil.

Helseføretaket melde og at sjåføren på 19 år fekk lettare skader i ulykka. Også han er stabil og vert behandla ved Ålesund sjukehus.