Stenger fv. 60 for synfaring

 

Kreditering: Norkart/Statens kartverk

Nyhende

Møre og Romsdal politidistrikt skriv i ei pressemelding at fylkesveg 60 vert stengt på strekninga Blindheim til Ytre Tandstad på torsdag (19. april) frå klokka 09.45 og framover til seinast kl. 12.00.

Årsaka er at Sunnmøre tingrett skal ha synfaring ved Tynesstranda.

I dette tidsrommet er det berre offentleg transport og naudetatane som vil sleppe gjennom. Omkøyring er mogleg på den andre sida av Sykkylvsfjorden, på Sørestrandvegen via Sykkylvsbrua/Straumgjerde. Trafikken vert dirigert, stenginga vert skilta og vegen vert opna igjen utan nærare varsel, opplyser politidistriktet.

Den 18. og 19. april er det rettsforhandlingar i Ålesund i etterkant av trafikkulukka i Tynesstranda natt til laurdag 6. mai i fjor, der ein motorsykkel med førar og ein passasjer var involvert. Passasjeren omkom, og føraren kom frå ulykka med brotskadar. Føraren av motorsykkelen står no tiltalt for aktlaust drap ved bruk av motorvogn jf. § straffelova 281 og for å ha brote grunnregelen i vegtrafikklova § 3.