Opprop frå innbyggjarar i Norddal kommune

Vil sjå mot Stranda på nytt

316 innbyggjarar i Norddal kommune ber i eit opprop politikarane om å ta opp att kontakt med Stranda kommune.

Initiativtakar: Merete Løvoll Rønneberg frå Eidsdal har teke initiativ til oppropet saman med Audun Skjervøy frå Valldal. arkivfoto  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

I løpet av helga har innbyggjarane i Norddal engasjert seg i høve kommunesamanslåing og grensejustering. No ber dei kommunestyret om å ta opp att kontakta med Stranda med tanke på samanslåing.

Ønskjer ny høyring

– Vi set pris på at arbeidet med å slå saman Stordal og Norddal er komme godt i gang, men meiner den nye Fjord kommune ikkje blir sterk og slagkraftig nok i møte med krava som vert stilte til kommunane i åra som kjem – også når vi ser korleis nabokommunar slår seg saman til meir slagkraftige einingar, seier initiativtakarane, Merete Løvoll Rønneberg frå Eidsdal og Audun Skjervøy frå Valldal, i brevet til kommunen.

Politikarane vert bede om å gjennomføre ei ny innbyggjarhøyring i Fjørå, Tafjord og Valldal, for at folk i desse bygdene også skal få seie meininga si om alternativet med ein ny kommune i Indre Storfjord der Stranda er med.

Tidlegare fleirtal for

Oppropet kjem på bakgrunn av at Fylkesmannen i Møre og Romsdal har foreslått å justere kommunegrensene slik at bygdene Eidsdal og Norddal går over til Stranda kommune, noko det er fleirtal for i bygdene. Då det vart heldt folkerøysting i Norddal for to år sida var ikkje ei samanslåing mellom Norddal kommune og Stranda kommune med som eit alternativ. Tidlegare undersøkingar viser likevel at dei er eit enda større fleirtal for å slå saman Norddal og Stranda, meiner innbyggjarane.

Kommunestyret i Norddal skal handsame grensejusteringssaka i morgon, tysdag.