Ei klagesak frå hausten 2007 er enno ikkje oversendt fylkesmannen. No krev Sivilombodsmannen ei forklaring frå kommunen.
Endret: 31.05.2010 kl. 17:07
Kommunen mottok klagen i oktober 2007. Vel to og eit halvt år etter er den enno ikkje handsama, og oversendt fylkesmannen. Det skulle vore gjort innan seks veker. Klagen gjeld eit vedtak om ikkje å pålegge drenering i samband med overflatevatn.
I eit brev til Stranda kommune ber Sivilombodsmannen om forklaring på at klagen enno ikkje er oversendt fylkesmannen. Sivilombodsmannen vil også vite gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker i kommunen, og kva for rutinar kommunen har for å sikre at fristane i sakshandsamings- og klagereglementet blir overhaldne.
Fylkesmannen har purra på kommunen fleire gonger i denne saka, seinast i februar i år. Sivilombodsmannen var inne i bildet allereie i mars 2008. Då fekk Sivilombodsmannen lovnad over telefonen frå sakshandsamar at klagen skulle oversendast fylkesmannen same dag. Men enno har altså ingenting skjedd.
Kommunen har fått frist til 7. juni med å svare Sivilombodsmannen. Den fristen finn ein det truleg best å overhalde...
