Garderobar først

Dei seks garderobene i Strandahallen pr i dag blir til fire elevgarderober og to handikapkap/lærargarderobar - alt i eitt garderobeanlegg i den vestre delen av 1. etasje.
Foto: Arkivfoto
Dei seks garderobene i Strandahallen pr i dag blir til fire elevgarderober og to handikapkap/lærargarderobar - alt i eitt garderobeanlegg i den vestre delen av 1. etasje. Foto: Arkivfoto

Nye garderobar i den vestre delen av Strandahallen og nytt inngangsparti blir første del av rehabiliteringsarbeidet.

Mobil: 93001633
Publisert: 01.09.2010 kl. 18:13
Endret: 01.09.2010 kl. 18:13

Fire store garderobar med separate dusjrom og to handicap/lærargarderober i 1. etasje dekkjer behovet for både ungdomsskulen og vidaregåande skule, dersom ein gjer nokre administrative grep for å hindre overlapping mellom skulane i garderobane, skriv rådmannen i forprosjekt-utgreiinga som plan- og byggenemnda har godtkjent.

- Det er denne overlappinga som er problematisk for skulane, då det ikkje er ønskjeleg at til dømes ein 8. klasse og ein vidaregåande-klasse skal dele same garderobe, forklarar rådmannen.

I dag disponerer ungdomsskulen fire garderobar som deler to små dusjrom i den vestre delen, medan Stranda vidaregåande skule og idrettslaget disponerer to store garderobar med separate dusjrom i den austre delen av første etasje. Dusjromma er store, men har for få dusjar i forhold til behovet ved den vidaregåande skulen. Det er heller ingen handikapgarderobar pr. i dag.

Det austre arealet blir ståande som i dag. Garderobeanlegget blir i si heilheit i den vestre delen. Det sparar kommunen mykje pengar på.

- Ei løysing med fire garderobar vil ha store økonomiske konsekvensar, både på investeringssida og på driftssida, då ein bortimot halverer rehabiliteringsarealet for garderobeanlegg, skriv rådmannen.

I første byggjesteg skal det også mellom anna etablerast vassboren varme og rømningstrapp frå tribune, samt skiftast golvbelegg i barfotgangen i 2. etasje. Tryggleik og sparte driftskostnader er i fokus. Nytt inngangsparti for direkte tilkomst til det nye garderobeanlegget skal også på plass.

Første byggjesteg har ei kostnadsramme på 14 millionar, og skal innarbeidast i økonomiplanen 2011-2014.

Utval for helse, oppvekst og miljø (HOK) skal godkjenne forprosjektet neste veke.