Mobiliserer for dagsenter-tilbod

Mental Helse fryktar for konsekvensane om Psykiatrisk dagsenter blir lagt ned.

Fleire av brukarane av psykiatrisk dagsenter varslar at dei vil følgje formannskapsmøtet i ettermiddag, og vise at dei fryktar for konsekvensane om Psykiatrisk dagsenter blir lagt ned.

Laurdag skreiv Sunnmøringen at ordførar Frank Sve ikkje har føreslått auke i ramma til sosialtenesta, som ifølgje rådmannen sitt forslag vil føre til at både Psykiatrisk dagsenter og Frivilligsentralen må leggjast ned.

”Det synest paradoksalt å måtte føreslå å legge ned psykiatrisk dagsenter, samstundes som ein prøvar å etablere eit anstendig butilbod for menneske med psykiske vanskar”, skriv Mental Helse i eit brev til kommunen.

Dei fryktar at mangel på dagsenter vil føre til større og lengre ventelister for behandling og terapi, og at fleire dermed vil falle tilbake til ein kvardag med angst, depresjon, isolasjon og rus.

Formannskapet vil i dag gå gjennom kommunebudsjettet for neste år, og ein økonomiplan fram til og med 2014. Kommunestyret fattar endeleg vedtak 15. desember.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Lokale langrennsløparar på treningssamling

Storfjordlangrenn er i gang med ny sesong og har i helga hatt barmarkssamling i Tomrefjord.

Stranda-Liabygda

Normale takstar på ferjesambandet

Takstane på Rute 14 mellom Stranda og Liabygda vil gå ned att når sommarsesongen er over.

Ikkje kortreist

Må drikke mjølk frå Austlandet

På grunn av arbeid med utbetring ved meieriet i Ålesund, må sunnmøringar drikke mjølk frå austlandet dei neste fire vekene.

Frå spalta "På skeiva":

Ønska: Ti galningar

Cruiseskip denne veka

Komande veke er det venta besøk av 18 cruiseskip i fjordane våre.

Lokale langrennsløparar på treningssamling

Storfjordlangrenn er i gang med ny sesong og har i helga hatt barmarkssamling i Tomrefjord.

Stranda-Liabygda

Normale takstar

Takstane på Rute 14 mellom Stranda og Liabygda vil gå ned att når sommarsesongen er over.

Debattinnlegg

"Liabygda – situasjon og framtid"

– Viss ein vil at Liabygda skal leve, kan ein ikkje gje seg utan kamp, skriv Petter Hjørungdal i dette lesarinnlegget.

Ikkje kortreist

Må drikke mjølk frå Austlandet

Sunnmøre meieri vil ikkje produsere mjølk dei neste fire vekene.

Frå spalta "På skeiva":

Ønska: Ti galningar

Cruiseskip denne veka

Komande veke er det venta besøk av 18 cruiseskip i fjordane våre.

Vann cupen på Hjellehøla

Beste bedrift i fotball

Utforkøyring i Stordal

Sjåfør er sendt til sjukehus for behandling.

Fotball

Damelaget med storsiger mot Stordal

Stranda/Sunnylven kan ta ein velfortent sommarferie med tre sigrar på dei tre siste kampane. For herrelaget blei det poengdeling denne veka – men likevel eit lite opprykk på tabellen.