(Foto: Rolf Hansen)

Foto: Rolf Hansen

Prisar nynorsk-innslag

Har du tenkt å delta på Ungdommens Kulturmønstring kan det lønne seg med innslag på nynorsk eller dialekt.

Arrangørkomiteen for årets UKM oppmodar flest mogeleg om å stille opp i mønstringa, og håpar på mange kreative innslag.

Og i år kan det løne seg å nytte nynorsk eller dialekt i innslaget. Sykkylven Mållag utlover nemleg ein pris på 1000 kroner til deltakarar i UKM som nyttar nynorsk eller dialekt på ein god måte ved Ungdommens Kulturmønstring i Sykkylven og på Stranda.

- Dette gjer vi fordi vi ynskjer å stimulere ungdom til å bruke nynorsk og dialekt i alle samanhengar; ikkje minst på det kulturelle feltet, seier leiar Berit Bjørlo.

Sjølv om både nynorsk og dialektar har fått auka status dei siste åra, lever vi med eit sterkt press frå bokmål og engelsk, meiner mållagsleiaren.

- Vi ser at songtekstar som ungdom opptrer med i stor grad er på engelsk; og det er forståeleg fordi det finst så mykje fint på dette språket. Samstundes er vi sikre på at ungdom kan skape mykje bra på norsk også. Vi veit at ungdomen er kreativ på mange felt, og vi trur at her finst både songar, dikt, filmar, sketsjar og liknande som bør få eit større publikum og som kan fortene ein målpris, seier Bjørlo, og oppmodar ungdomen på Stranda til å delta på Ungdommens Kulturmønstring med innslag på nynorsk og dialekt!

Ungdommens Kulturmønstring i Stranda er sundag 13. februar. Fristen for å melde seg på er 6. februar.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Stigande vaniljepris gir dyrare is

Ein syklon på Madagaskar fører til høgare vaniljeprisar, noko som har ringverknader i iskremindustrien.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Analytikarar ventar beste lakseresultat nokosinne

Sjømatanalytikarar forventar rekord når fleire av lakseselskapa legg fram kvartalsrapportane sine denne veka.

– Ei stor ære

Det seier Roger Furset, som søndag blei utnemnt til æresmedlem i Storfjordens Venner.

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger:

Medlem i nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv

Ei av oppgåvene til den nye meiningsgruppa blir å gje råd til regjeringa, som ønskjer å lokke fleire kulturturistar til Norge.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Stranda Feriesenter

Vil ha saka opp på ny

Siste ord om avslag på søknad om næringsstøtte til arkeologisk undersøking er ikkje sagt.

Fjord Trail Race

Stor innsats av Røde Kors

Røde Kors i Stranda hadde 31 frivillige på plass under Fjord Trail Race.

I regn og skodde

Imponerande tider i regnet

Jonathan Albon frå Bergen og England vann det lange Fjord Trail Race.

Matfestivalen

Er du ein matgründer?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar.