(Foto: Arkivfoto)

Foto: Arkivfoto

Målpris til Union-vertskapet

Hotel Union ved vertskapet Monja og Sindre Mjelva er tildelt Målprisen 2010.

Sunnmøre Mållag deler annakvart år ut ein målpris. Prisen for 2010 går til Hotel Union Geiranger ved vertskapet Monja og Sindre Mjelva.

Prisen er ei originalteikning av kunstnaren Inger Giskeødegård og eit diplom. Prisen blir utdelt på Sunnmøre Mållag sitt årsmøte på Cylindra i Sykkylven i morgon, laurdag 26. februar.

Sidan Monja og Sindre Mjelva ønskte at hotelldrifta skulle skulle vere knytt til lokal kultur og tradisjonar, gjekk dei i 2007 over til å bruke nynorsk.

I den første fasen søkte dei råd og støtte hos Nynorsk kultursentrum. Vedtaket om å profilere hotellet på nynorsk blei etterfølgt av språkkurs for dei tilsette. Det hender framleis at eit og anna kan bli skrive på bokmål, men nynorsken skal vere den dominerande målforma.

Monja Mjelva meiner at hotellet kjem nærare folk i regionen gjennom måten dei no presenterer seg på språkleg. Det er heller ikkje noka ulempe at folk som står nynorsken fjernare, oppfattar marknadsføringa deira som eksotisk. Dei har ikkje fått negative reaksjonar på at dei gjekk over til nynorsk.

Nynorskbruken var også eit av momenta då hotellet vart nominert til reiselivsprisen for Møre og Romsdal, som det fekk i 2009.

- I ein bransje der bokmålet har rådd det meste av grunnen har dei som driv Hotel Union Geiranger, synt vilje til nytenking og til å framheve den lokale tilknytinga verksemda deira har. Språkbruken i marknadsføringa deira er jamt god. Monja og Sindre Mjelva vil også at hotellet skal vere eit språkleg føredøme for andre reiselivsbedrifter og vere med på å senke terskelen for å ta i bruk nynorsk. Målprisen er ein heider for det dei har gjort og ei oppmuntring til vidare bruk av nynorsk i reiselivet, heiter det mellom anna i grunngjevinga.

I nemnda for målprisen sit:Veronika Bonaa, Gjerdsvika, Odd Sørås, Langevåg og Terje Aarset, Ørsta.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Kan ta i mot meir avfall på Kjølen

Etter at lokala deira i Ødegårdsvegen 130 brann ned i juni i fjor, har Stranda Gjenvinning og Transport AS halde til på Kjølen Miljøstasjon.

Sjå kommunestyret direkte

Stranda kommunestyre har møte i dag, onsdag 21. juni.

Kommunebarometeret 2017

Stranda opp ni plasser frå i fjor

Stranda kommune klatrer på Kommunebarometeret i år. Kommunen hamner midt på treet kva gjeld plassering og på nøkkeltal.

Har fått over ein million til utvikling og produksjon

Gir støtte til ny Øie-film

Debatt med sterkt engasjement

Vil ha tilbod

Debatten rundt avlastingsbustader for barn og ungdom med særskilt stort behov, mangla ikkje engasjement.

Suksess-program

TV-team stenger Trollstigen

Trollstigen blir stengd i periodar i dag og i morgon.

2.581 strandarar får igjen på skatten

I dag kjem skattepengane

Kan ta i mot meir avfall på Kjølen

Etter at lokala deira i Ødegårdsvegen 130 brann ned i juni i fjor, har Stranda Gjenvinning og Transport AS halde til på Kjølen Miljøstasjon.

Stranda pensjonistlag

Valkampopning i Stranda "Slippen min" sigra

Det mangla ikkje på tema då sentrale politikarar drog i gang valkampen i Stranda.

Varslar straumstans i natt

Nettselskapet koplar ut høgspentlinjene mellom Stranda vgs og Korsbakken.

Fleire fekk forenkla førelegg

Laserkontroll i Velledalen