X2-festivalen:

Avlyser alle flyøvingane

Det dårlege vêret gjer at det ikkje blir nokre slike luftige svev frå Helsetkopen i løpet av årets X2-festival.  Foto: Arkiv: Ivar Brennhovd

Sport

Tidlegare i dag, torsdag, tok leiinga i X2-festivalen avgjersla om å avlyse alle flyøvingane frå Helsetkopen i Sunnylven.

Dette gjeld ikkje berre for i dag, men for heile helga, fortel XBase-ansvarleg Cato Nordbakk.

– På grunn av veldig dårlege meldingar måtte vi avlyse med tanke på sikkerheita. Dessverre, seier han.

Dette gjeld både speedflying, XBase og fallskjermhopp.

På Facebooksida til festivalen kan ein lese at elvepadlingskonkurransen XCreek framleis vil gå som planlagt i Bygdaelva laurdag.