Ball nummer tre signert Tobias Lillebø Hjelle trillar over mållinja, bak Giske-keeper Robert Sundby.

Ball nummer tre signert Tobias Lillebø Hjelle trillar over mållinja, bak Giske-keeper Robert Sundby.

Medan giskespelarane ikkje såg heilt fornøgde ut med akkurat det, var det berre smil å spore hos spelarane på heimelaget. Her blir Hjelle gratulert av Odd Rune Opsvik og Hisor Arulnesarajah (med ryggen til).

Medan giskespelarane ikkje såg heilt fornøgde ut med akkurat det, var det berre smil å spore hos spelarane på heimelaget. Her blir Hjelle gratulert av Odd Rune Opsvik og Hisor Arulnesarajah (med ryggen til).

Jesper Hoel Røyr får hjelp av assistenttrenar Robert Norangshol. Røyr blei sendt til legevakt etter å ha fått seg ein smell i hovudet halvvegs i første omgang.

Jesper Hoel Røyr får hjelp av assistenttrenar Robert Norangshol. Røyr blei sendt til legevakt etter å ha fått seg ein smell i hovudet halvvegs i første omgang.

1 / 3

A-laget herrar:

Siger til Stranda i sesongopninga

– Tre sjansar og tre mål.

Det var det som gjekk igjen etter kampslutt på Stranda stadion.

Dei snakka om Tobias Lillebø Hjelle, som scora alle måla for heimelaget.

Fire mål i to omgangar

Stranda speler i 5. divisjon denne sesongen. Første motstandar var Giske IL.

Dei to første måla kom tett. Mindre enn eit kvarter ut i første omgang blei det 1-0 til Stranda, og like etter utlikna Giske til 1-1.

Deretter måtte publikum, som i hovudsak søkte ly frå regnet under paraplyar, taket på klubbhuset og i bilar, vente til andre omgang før det blei to mål til signert Hjelle.

Stillinga vart 3-1 til Stranda.

Spelar til legevakt

Halvvegs ut i første omgang fekk strandaspelar Jesper Hoel Røyr seg ein smell i hovudet i eit samanstøyt med ein spelar frå Giske.

Sunnmøringen veit ikkje i skrivande stund korleis det gjekk med Røyr, men assistenttrenar Robert Norangshol sa like etter kampslutt at han trudde det gjekk bra.

– Han kom seg, men tok seg ein tur til legevakt for sjekk, sa han.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Stranda J16

Kvalifiserte seg til toppserien

Laget vann stort over siste motstandar i Stjørdal.

Geiranger frå fjord til fjell

Sunnylvingane vart redninga

Geiranger frå fjord til fjell skjer i Stranda kommune. Men deltakinga frå det største idrettslaget var syltynn. Kvar er Stranda IL, vart det spurt.

Pallplasseringar i Nibbeløpet

Anniken Hjellbakk Hole var blant dei raskaste frå Geiranger til Dalsnibba i dag, og søstera Kristine Hjellbakk Hole vann si klasse.

Fotball

Ny siger til Stranda

Stranda vann torsdag kveld 2-0 over Vigra.

Har fått over ein million til utvikling og produksjon

Gir støtte til ny Øie-film

Debatt med sterkt engasjement

Vil ha tilbod

Debatten rundt avlastingsbustader for barn og ungdom med særskilt stort behov, mangla ikkje engasjement.

Suksess-program

TV-team stenger Trollstigen

Trollstigen blir stengd i periodar i dag og i morgon.

2.581 strandarar får igjen på skatten

I dag kjem skattepengane

Kan ta i mot meir avfall på Kjølen

Etter at lokala deira i Ødegårdsvegen 130 brann ned i juni i fjor, har Stranda Gjenvinning og Transport AS halde til på Kjølen Miljøstasjon.

Stranda pensjonistlag

Valkampopning i Stranda "Slippen min" sigra

Det mangla ikkje på tema då sentrale politikarar drog i gang valkampen i Stranda.

Varslar straumstans i natt

Nettselskapet koplar ut høgspentlinjene mellom Stranda vgs og Korsbakken.

Fleire fekk forenkla førelegg

Laserkontroll i Velledalen

Damelaget Stranda/Sunnylven

To sigrar på to kampar

– Vi spelar for å vinne, fortel trenar Geir Koppang.