Dag Andre Hauge hevda seg i NM-finalen under den siste dagen av Landsskyttarstemnet 2017.
(Foto: DFS Landsskyttarstemnet)

Dag Andre Hauge hevda seg i NM-finalen under den siste dagen av Landsskyttarstemnet 2017. Foto: DFS Landsskyttarstemnet

Vann høgthengande medaljar i NM-finale

Dag Andre Hauge og Frank Sve blei begge premiert med medaljar etter flotte resultat i grovfeltfinalen i dag, fredag.

Dag Andre Hauge frå Sunnylven skyttarlag sikra seg ein plass i grovfeltfinalen etter å ha fått 29 treff og sju innartiarar i den innleiande runden i klasse 4. Dette heldt til ein 77.-plass.

I noregsmeisterskap-finalen for klassane 3-5, klarte Hauge å skyte seg heilt opp til 35.-plass – og blei premiert med ei medalje. Rune Tryggestad i Sunnylven skyttarlag fortel at dette var den høgthengande feltmedaljen.

Det blei nesten full pott for Hauge i finalen med 11 treff. Til gjengjeld var åtte av desse innartiarar.

På 49.-plass

Frank Sve frå Stranda skyttarlag fekk ein 139.-plass i den inneleiande runden i klasse 4, med 28 treff og 10 innartiarar.

I finalen skaut Sve seg heilt opp til ein 49.-plass – og også han blei premiert med ei medalje. I finalen fekk han full pott – 12 av 12 treff og seks innartiarar.

Missa to skot

Kjell Oddvar Frøysa frå Sunnylven skyttarlag var på ein 36.-plass i klasse 4 etter den innleiande runden, med 29 treff og 15 innartiarar. Dette var nok til å sikre skyttaren eit stort sølvbeger.

I finalen missa han to skot. Sluttpoengsummen vart 39 med éin innartiar frå finalen – noko som gav Frøysa ein 148.-plass.

Klatra i finfeltfinale

Martine Sve viste igjen musklar på skytebana då finfeltfinalen i klassen Eldre Rekrutt gjekk av stabelen under Landsskyttarstemnet i dag, fredag.

Etter den innleiande runden låg Sve på 89.-plass. Ho landa alle skota, 30 av 30, men 12 innartiarar var ikkje nok til å hevde seg heilt i toppsjiktet. Til samanlikning hadde klassevinnar Mathias Bakk frå Årvågsfjord 30 fulltreffarar og 29 innartiarar.

Likevel heldt det til eit lite sølvbeger og ein plass i finalen for Sve. Også her blei det fullt hus – 12 av 12 treff og tre innartiarar.

Med dette resultatet klatra Sve heilt opp til 45.-plass i finalen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Martine Sve frå Stranda skyttarlag klatra 44 plassar frå den innleiande runden til finalen i finfelt.
(Foto: DFS Landsskyttarstemnet)

Martine Sve frå Stranda skyttarlag klatra 44 plassar frå den innleiande runden til finalen i finfelt. Foto: DFS Landsskyttarstemnet

Siste nyheter

Ny landslinje i skiskyting opna i Stryn

Stryn vidaregåande skule kan dette skuleåret skilta med ei flunkande ny landslinje i skiskyting.

Skyttarar frå Sunnylven:

Gull og sølv i samlagsstemne

Er Bjarne Solbakken den beste idrettsutøvaren gjennom tidene?

Dette spørsmålet stiller Sunnmørsposten no til lesarane sine.

– Ei stor ære

Det seier Roger Furset, som søndag blei utnemnt til æresmedlem i Storfjordens Venner.

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger:

Medlem i nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv

Ei av oppgåvene til den nye meiningsgruppa blir å gje råd til regjeringa, som ønskjer å lokke fleire kulturturistar til Norge.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Stranda Feriesenter

Vil ha saka opp på ny

Siste ord om avslag på søknad om næringsstøtte til arkeologisk undersøking er ikkje sagt.

Fjord Trail Race

Stor innsats av Røde Kors

Røde Kors i Stranda hadde 31 frivillige på plass under Fjord Trail Race.

I regn og skodde

Imponerande tider i regnet

Jonathan Albon frå Bergen og England vann det lange Fjord Trail Race.

Matfestivalen

Er du ein matgründer?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar.