Det store fjelløpet går av stabelen for tredje gong i år. Biletet er frå målpasseringa ved Paviljongen Roalden på Strandafjellet.
            (Foto: Stranda Fjord Trail Race)

Det store fjelløpet går av stabelen for tredje gong i år. Biletet er frå målpasseringa ved Paviljongen Roalden på Strandafjellet.Foto: Stranda Fjord Trail Race

Stranda Fjord Trail Race

Fleire lokale namn på deltakarlista

Arrangørane Oscar Almgren og Martin Kristoffersen fortel i ei pressemelding at Stranda Fjord Trail Race 2017 no er fullteikna.

Når fjelløpet går av stabelen komande laurdag, 19. august, vil det vere til saman 500 løparar frå 15 ulike nasjonar på startstreken.

Den lange løypa går over 33 kilometer og 3.000 høgdemeter. Etter å ha vore på tre fjelltoppar, kjem deltakarane i mål ved Paviljongen Roalden på Strandafjellet.

Det er også ein light-versjon, som går frå Stranda sentrum, opp til Roaldshornet (1230 moh.) og ned att til paviljongen. Det er framleis ledige plassar i dette 8,5 kilometer lange løpet, opplyser arrangørane.

Lokale deltakarar

Dette er dei lokale deltakarane i Stranda Fjord Trail Race 2017. Nokre av dei skal springe den lange løypa, medan andre skal springe den kortare light-versjonen:

Are Olav Habostad (Stranda IL)

Eva Kisuro

Tor Sylte (Stranda IL)

Nils Idar Skarbø

Tarjei Korsbrekke (Sunnylven IL)

Linn Helen Brekke (Sunnylven IL)

Anniken Hjellbakk Hole (Sunnylven IL)

Stine Fivelstad (Stranda IL)

Elisabeth Hole (Stranda IL)

Ronny Ødegård (Stranda IL)

Andreas Espelund (Stranda IL)

Susann Sørheim (Stranda)

Iris Marie Årdal Øverland (Team Årdal)

Lone Regine Årdal Øverland (Team Årdal)

Lindis Årdal (Team Årdal)

Forbetrar stinettet

Nytt av året er trebruer på stien opp mot Skuravatnet, fortel Almgren og Kristoffersen. Det er Sparebanken Møre som har sponsa materiala til desse.

– Dette vil gjere det enklare å ta seg over myrpartia ein finn på denne strekninga, både for deltakarar og lokalbefolkninga. Bruene vil bli liggande permanent til glede for turgåarar. Dette er første steg i eit prosjekt der Stranda Fjord Trail Race ønsker å forbetre stinettet rundt Stranda, seier arrangørane.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Første del av den lange løypa er bomvegen opp til Vasset (300 moh.). I light-versjonen startar ein ved Stranda hotell og tek seg opp til Roaldshornet (1230 moh.).
            (Foto: Stranda Fjord Trail Race)

Første del av den lange løypa er bomvegen opp til Vasset (300 moh.). I light-versjonen startar ein ved Stranda hotell og tek seg opp til Roaldshornet (1230 moh.).Foto: Stranda Fjord Trail Race

Siste nyheter

Heilomvending for Stranda J16:

Får spele i Bring-serien likevel

Stranda J16:

Må vinne alle fire kampane

I helga avsluttar Stranda J16 dei innleiande kampane i Toppserien.

Sunnmør skyttarsamlag

Føreslått som leiar

Sivert Sve (18)

Vinnar på heimebane

Sivert vart stevnevinnar på Stranda under miniatyrstevner som vart arrangert denne veke/helg.

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram