Edvard Sve på pallen i Elverum. (Foto: Privat)

Edvard Sve på pallen i Elverum. Foto: Privat

Sivert Sve var best i hovudskytinga, og gjekk også vidare til finalen i matchskyting. (Foto: Privat)

Sivert Sve var best i hovudskytinga, og gjekk også vidare til finalen i matchskyting. Foto: Privat

1 / 2

NM-bronse til Edvard Sve (20)

Edvard Sve tok bronsemedalje i Noregsmeisterskapen for seniorar og juniorar i Matchskyting i Elverum i dag, søndag.

Han fekk bronsen på 60 skot liggande, 50 meter, i klassen junior menn (17-21 år). Det fortel Frank Sve i Stranda skyttarlag i ei pressemelding.

Brør i finalen

Sivert Sve vann hovudskytinga i denne konkurransen med 617,4 poeng. Dermed gjekk også han vidare til finalen, saman med broren Edvard.

I den innleiande runden kom Edvard med i finalen som nummer åtte med 609,2 poeng, men skaut seg altså heilt opp til bronseplass. Sivert Sve blei nummer fire i Noregsmeisterskapen.

Vinnar blei Benjamin Karlsen, og Jon Hermann Hegg kom på andre plass.

I heilmatch-finalen

Begge brørne skaut òg i heilmatch-finalen. Denne gjekk av stabelen laurdag.

Etter 40 skot på kne, 40 liggande og 40 ståande fekk Edvard ein fjerdeplass og Sivert blei nummer åtte.

Ny personleg rekord

Martine Sve, som eigentleg er Eldre Rekrutt, prøvde seg i ungdomsklassen 16–17 år og fekk ein 11.-plass på 30 skot liggande. For ho enda helga med ein ny personleg rekord: 292 poeng på 50 meter matchskyting.

Alle Sve-søskena, Edvard, Sivert og Martine, skyt for Kisen miniatyrskyttarlag.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven