Kamp Stranda G19 slo Valder 5-3 sist laurdag. Stranda stilte sterkt i denne kampen med mange av spelarane som til vanleg spelar på a-laget. Tobias Lillebø Hjelle scora fire mål og Simen Hjelle Langlo eit. På bildet er det Georg Lind (t.v. blå trøye) som prøvar seg.
            (Foto: Arild Ringdal)

Kamp Stranda G19 slo Valder 5-3 sist laurdag. Stranda stilte sterkt i denne kampen med mange av spelarane som til vanleg spelar på a-laget. Tobias Lillebø Hjelle scora fire mål og Simen Hjelle Langlo eit. På bildet er det Georg Lind (t.v. blå trøye) som prøvar seg.Foto: Arild Ringdal

A-laget Stranda Fotball

Treng poeng mot Ellingsøy

– Vinn vi er vi trygge. Tapar vi er vi avhengig av andre i siste serierunde.

Trenar Kalle Hjelle har oppskrifta klar på korleis Stranda skal berge plassen i 5. divisjon i bortekampen mot Ellingsøy i dag, torsdag.

Gå hardt ut

– Som i kampen mot Herd2 vil vi variere presshøgda. Kjem til å gå hardt ut og håpar på eit tidleg mål, eller to, som sist. Ellingsøy bør vinne denne, dei har att Ørsta borte som er ein vanskelegare kamp enn vi, som har Åram/Vankam. Vi kan ta dei på overgangar, seier Hjelle.

Skadefri og god

Stranda reiser til Ellingsøy med ein skadefri og god tropp. Kun Tobias Lillebø Hjelle er fråverande. Han reiser til England for å sjå Liverpool mot Manchester United denne helga.

– Sander Raknes blir henta heim for å erstatte han. Vi har ingenting å skulde på om vi ikkje skulle greie poeng mot Ellingsøy, avsluttar ein optimistisk Stranda-trenar, Kalle Hjelle.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Heilomvending for Stranda J16:

Får spele i Bring-serien likevel

Stranda J16:

Må vinne alle fire kampane

I helga avsluttar Stranda J16 dei innleiande kampane i Toppserien.

Sunnmør skyttarsamlag

Føreslått som leiar

Sivert Sve (18)

Vinnar på heimebane

Sivert vart stevnevinnar på Stranda under miniatyrstevner som vart arrangert denne veke/helg.

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram