Fotball

Nytt tap for Stranda

Ellingsøy slo Stranda 2-0 torsdagskvelden.
Sport

Stillinga ved pause var også 2-0 til heimelaget. Rapportane frå Ellingsøy seier at Stranda ikkje var til å kjenne att frå den gode kampen mot Herd2 for ei veke sidan.

Kan bli nedrykk

Tapet gjer at Stranda ikkje lenger kan lite på eigen styrke i siste runde for å unngå nedrykk. Laget må slå Åram/Vankam samstundes som resultata frå dei andre kampane må gå Stranda sin veg.