Dei første kampane i 2018

To handballkampar i Strandahallen i dag

- Eg er litt usikker på kvar vi står. Laget avslutta haustsesongen godt, det er i alle fall godt å kome i gang att, seier ein forsiktig optimist, Nils Helge Hoel, trenar for Stranda J16. J16 og G16 skal i dag i aksjon på heimebane i Strandahallen.
Sport

Etter at J16 kvalifiserte seg til den landsdekkande Bringserien trudde dei at Toppseriespelet var over. Slik er det ikkje.

Stranda skal spela enkel serie mot dei andre laga som ikkje kvalifiserte seg til Bringserien. Det betyr to turar til Trøndelag mellom anna attåt turane som står for tur til aust-og sørlandet.

– I dag møter vi Vestnes/Varfjell i Strandahallen, også dei er klar for Bringseriespel. Vi er dei to beste laga i Møre og Romsdal i denne klassa. Etter å ha tapt mot dei i haust er vi tent på revansje, vi går på bana for å vinne alle kampar vi spelar. I alle fall er det greitt å få matcha seg godt, meinar Hoel.

Neste helg kjem Trondheimslaget Charlottenlund på vitjing til Stranda, også det ein kamp i Toppserien. I alt J16 spele åtte kampar i Toppserien.

Flyttar kampar

Det vert ein travel vår for J16. Bringserien, Toppserien og lokalt seriespel for J16-02 gjer at dei aller fleste helgane fram til slutten av april er handballhelgar. -Vi prøvar å flytte nokre av kampane i det lokale seriespelet til midt i veka. På den måten kan vi få til nokre helgar fri for spelarane, avsluttar Nils Helge Hoel.

Også G16 skal i aksjon i Strandahallen i dag. Laget kjempar heilt i toppen i si avdeling og berre to poeng er godt nok når Ørsta2 kjem på besøk.

Bortekampar

Andre Stranda-lag som skal i aksjon er G13 som spelar mot Spjelkavik i Blindheim idrettshall laurdag. J11 spelar to kampar borte i dag søndag søndag. Dei møter Aksla i Hatlane idrettshall og Rollon i Larsgårdshallen.