Bedriftscupen i skyting godt i gang

Beste individuelle skyttar: Kristian Frøysadal Hauge, som fekk 248 poeng i den første innleiande runden.  Foto: Privat (Arkiv)

Bedriftscup i Sunnylven - resultat etter 1. runde:
  • 1. Tronstad jaktlag - 729 poeng, 23 innartiarar
  • 2. Bjørdal jaktlag - 721p, 17*
  • 3. Helset storfe, 715p, 18*
  • 4. HT Bygg, 714p, 10*
  • 5. Ole Ringdal 1, 709p, 12*
  • 6. Nebbedalen jaktlag, 704p, 10*
  • 7. Stabburet 1, 702p, 9*
  • 8. De gamles håp 1, 701p, 19*
  • 9. Ole Ringdal 2, 694p, 9*
  • 10. De gamles håp 2, 650p, 3*
Sport

Kvar vinter dei siste 20 åra har Sunnylven skyttarlag invitert til bedriftscup i miniatyrskyting, fortel Rune Tryggestad.

Då den første innleiande runden tok til i går, onsdag, var det Kristian Frøysadal Hauge som fekk det beste individuelle resultatet – 248 poeng av 250 moglege og 11 innartiarar.

Saman med Svein Magne Frøysadal og Svenn Roger Alme utgjer toppskyttaren laget Tronstad jaktlag. Dei er på førsteplass etter første runde, med 729 poeng og 23 innartiarar.

Vil ta over trona

Dei er eitt av til saman 11 påmelde lag i år. Alle laga har tre skyttarar.

Tittelforsvarar er Ole Ringdal lag 1. Etter første runde der dei på femteplass med 709 poeng og 12 innartiarar. (Sjå faktaboks til høgre for heile resultatlista)

– Det spørst om dei får nervane under kontroll og kan forsvare tittelen. Her er mange skarpskyttarar rundt i bedrifter og jaktlag som meir enn gjerne vil vippe dei av trona og ta heim den store pokalen, seier Tryggestad.

– Ingenting avgjort før finalen

I dei innleiande rundane skyt alle 25 skot liggande (15 meter). Unntaket er skyttarar i klassane 3-5, som må skyte 10 av dei 25 i kneståande stilling.

Det er tre innleiande rundar i cupen, og ein tek med dei to beste av rundane til finalen 14. mars.

– Sjølve finalen på 10 skot tel dobbelt, så ingenting er avgjort før siste skot er anvist, seier Tryggestad.