Fotballmoro på påskeaftan

Thomas Roset er i dag leiar i Stranda Fotball og var ein av krumtappane i 2004. Påskeaften er 2004-laget utfordra av Stranda anno 2018 til kamp på Stranda stadion.  Foto: Arkivbilete.

Sport

– Det er ikkje nok å springe frå oss. Dei må springe rundt oss også, vi er ikkje akkurat blitt smalare med åra. Stranda anno 2004 vil vere eit lag med garantert stor underhaldningsverdi. Vår målsetting er klar: Vi skal vinne kampen, humrar ein offensiv Thomas Roset.

Roset er i dag leiar i Stranda Fotball og var ein av krumtappane i 2004. I morgon ettermiddag er veteranane utfordra av Stranda anno 2018 til kamp på Stranda stadion. – Vi kjem til å gå heilt i kjellaren for å forsvare æra vår, seier Roset. Sjølv har han ikkje trena spesielt før møtet, men hengt med på treningane til J16 der han er trenar. 2004-laget har ein stor tropp slik at der vil alltid vere friske leggar å sette innpå når det trengst.

Det var ein trenarane til årets a-lag, Ronnie Furset, som kom med ideen. Etter å ha lodda stemninga på facebook-sidene til klubben fekk han gode meldingar tilbake. No håpar Stranda Fotball at dette kan verte eit årleg arrangement før sesongstart. Furset er truleg den einaste som framleis er aktiv spelar av det laget Stranda hadde for fjorten år sidan. På laurdag spelar han på årets utgåve av Stranda. Elles har trenarteamet til årets Stranda-lag tatt ut ei tropp der dei premierar dei som har stort treningsframmøte.

– I utgangspunktet skal kampen gå over 3x30 minutt. Dette kan bli omgjort til 2x45 om veteranane føler dei har overskot under oppvarminga, avsluttar Thomas Roset.

Arrangementet laurdag ettermiddag blir som under ein vanleg seriekamp med speaker-teneste, innmarsj og kiosk. Etter kampen skal spelarane frå begge lag samlast til quiz og sosialt samvær på Møteplassen.