Stranda handball må trekkje seniorlaget.
Endret: 27.01.2012 kl. 13:53
– Det er beklageleg. Skadar og fleire kampar på same tidspunkt for 16-årslaget og seniorlaget, gjer at vi måtte trekkje herrelaget frå 3. divisjon, seier Sonja Årvik i Stranda handball.
I haust var herrehandballen tilbake på Stranda, etter å ha lagt brakk i ti år. Sonja Årvik håper klubben kan få på plass eit nytt lag frå hausten av.
– Det krev at vi har ein betre grunnstamme av spelarar enn det vi hadde før denne sesongen. Vi må vurdere dette seinare, men eg håper vi klarer å få på plass eit lag.
– Kva skjer med seniorspelarane no?
– Treninga saman med 16-årslaget held fram, men dei misser kampane.
Stranda vil få ei bot på 5.000 kroner for å trekkje laget frå seriesystemet.
