Sjå biletserie frå russerevyen:

God stemning og mykje latter

Bildeserier

Russen viste både skodespelartalent og tryggleik på scena under årets russerevy i Storfjord kulturhus fredag.

Revyen, med namnet «Lets make Stranda great again!», hadde det fallande elevtalet på den vidaregåande skulen som raud tråd. Russen sine forslag til korleis rektor Jon Hjortdal kan få opp elevtalet på skulen vart teke i mot med mykje latter og god stemning frå den bortimot fullsette salen. Sjølv om alle forslaga kanskje ikkje heilt lett let seg gjennomføre, var dei heilt klart kreative.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Bildeserier