Sjå biletserie frå paraden

Fleire tusen deltok på Bygdepride

Bildeserier

Lokalsamfunnet mobiliserte under Bygdepride-parade i Volda fredag.

Nøyaktige tal på kor mange som hadde møtt fram er det ingen som har, men politiet opplyste at dei talte om lag 2.000 menneske i toget og ein stad mellom 1.000 og 2.000 langs ruta.

Bygda var full i fargar, song, latter og kjærleik.

– Vi har avliva myten om at ein må flytte ut av bygda om ein er annleis, sa leiar for Ørsta/Volda Pride til Sunnmørsposten etter paraden.

– At min aller første Pride skulle bli historiske Bygdepride var ein ganske spesiell oppleving. Det var heilt overveldande å sjå folkemengda, fortel Maria Kristine Henriksen-Sandvær.

Ho og kona flytta til Stranda frå Volda for to år sidan. Dei var eit at dei tre første likekjønna para som gifta seg i Volda etter ekteskapsloven kom i 2009.

Både kulturminister Trine Skei Grande (V) og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) deltok på paraden.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Bildeserier