No startar sesongen for fullt

Cruiseliste April og Mai

Maggelan seglar åleine inn Geirangerfjorden i april. I mai er det 31 anløp til Geiranger og Hellesylt.

  Foto: Rust Foto

Cruiseguide

Ein månad før Grunnlovsdagen seglar cruiseskipet Maggelan inn Geirangerfjorden som einaste skipet i april. Mai månad kjem langt fleire skip inn fjordane. AIDAsol er skipet med flest anløp i mai, dei besøker både Hellesylt og Geiranger 4 gangar. Det lengste skipet er Norwegian Getaway med sine 325,7 meter medan Expedition har færrast passasjerar, 140 passasjerar, samtidig som det er det kortaste skipet på berre 105 meter. Flest passasjerar tek MSC Meraviglia med heile 5714 passasjerar ombord. Norwegian Pearl besøker både Hellesylt og Geiranger grunnlovsdagen 17.mai. Arcadia legger til kai på Hellesylt 10. mai og overnattar ved kai før det dagen etter seglar inn Geirangerfjorden. 30. mai vert den mest hektiske dagen med 3 anløp til Geiranger der eit av skipa fyrst tek turen til Hellesylt.