Nokre tal og fakta frå årets cruisetrafikk

Cruisestatistikk 2019

Cruisesesongen startar når Maggelan kjem til Geiranger 17. april. Seks månadar seinare, 20. oktober, avsluttar AIDAsol sesongen. AIDAsol er også skipet som har flest anløp i sesongen, 17 i talet.

Saga Pearl II   Foto: Eivind Louis Helset

Cruiseguide

Årets lengste skip er MSC Preziosa med sine 333,33 meter og det mest beskjedne er Expedition som berre er 105 meter langt. Expedition er ei ombygd ferge frå 1972 og hadde opprinneleg plass til 963 passasjerar og 180 bilar. Som cruiseskip har den berre plass til 140 passasjerar. Skipet MSC Meraviglia med nærmast ufattelege 5714 passasjerar er overlegent det største i passasjerantal. Oversikt over talet på anløp pr. skip, totalt 75 ulike skip.