Cruisetrafikken tek seg opp for alvor

Cruisebåtar i mai

I mai er det cruisebåtanløp 19 dagar. Totalt er det 35 anløp og 22 ulike skip.

  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Cruiseguide

I løpet av månaden blir vi kjent med det heilt nye cruiseskipet «Iona» som kjem til fjordane to gongar i mai. Skipet vart sjøsett 14. februar i år og går for det britiske reiarlaget P & O Cruises. Med sine 337 meter og 5.200 passasjerar vil det vere av dei største skipa i sommar.