Tanzania – ei reiseskildring

Vinterferien 2016 vart litt annleis for 20 elevar og ein lærar frå Vestborg vidaregåande skule. Saman med ei sprek mormor og Ole Os frå Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) drog dei til Afrika i ti dagar.
Fra papir

Turen blei arrangert i samanheng med valfaget Internasjonalt Program, som starta opp ved skulen no i haust.

Vi starta med fly frå Vigra morgonen 19. februar. Etter ein del forseinkingar og ei mellomlanding i Amsterdam, landa vi i Nairobi, Kenya, i nitida om kvelden.

Det tok oss ein og ein halv time å komme gjennom kontrollen på flyplassen. Det var tett med folk rundt oss og varmt som i ei badstue. Sveitten rann! Det var godt å kome ut i friluft ei kort stund, før vi måtte gå i bussen som køyrde oss til overnattingsstaden.

Slitne og spente kom vi oss i seng ca. kl. eitt. Neste morgon var det å kome seg opp å ete frukost allereie klokka seks. Vi hadde ein lang busstur framfor oss. Bussen køyrde feil og vi kom forbi den store slummen i Nairobi. Det gjorde eit sterkt inntrykk på oss og sjå korleis dei budde der.

Langt utpå kveldinga kom vi endeleg fram til Kiabakari i Tanzania, kor vi skulle bu under opphaldet. Etter to dagar med reise og turmat, kom vi til fint dekka bord med skikkeleg god mat hos dei norske misjonærane. Det smakte fortreffeleg!

Lokal gudsteneste

I løpet av turen blei vi med på ei gudsteneste i den lokale kyrkja.

Vi gjekk den ca. to km lange vegen gjennom landsbyen til kyrkja, ein flott tur gjennom frodig skog. Det var varmt, rundt 35–40 grader, men fint å gå. Nokre stader langs vegen vaks høge, fine solsikker.

Etter gudstenesta gjekk vi på den finaste restauranten i landsbyen og åt riktig god mat. Resten av dagen gjekk vi rundt og gjorde oss kjend i nærleiken.

Vi var innom ein marknad og vi snakka med lokalbefolkninga. Alle var så hyggelege og blide. Nokre av ungane sprang rundt oss og ville gjerne bli tatt bilete av. På veg heim frå marknaden sat vi på motorsykkeltaxi. Det var litt skummelt, men også veldig artig.

Om ettermiddagen delte vi oss i grupper på fire, og fekk kome heim til kvar vår lokale familie på besøk. Familien eg fekk besøke hadde 12 barn og budde i ein bungalow. Vi fekk mat og sat og koste oss saman med dei. Ei fin oppleving å treffe den gjestfrie familien, å få sjå korleis dei budde.

Seinare på kvelden vart det lyn og tore, og straumen gjekk. Utan straum var det totalt mørkt, så det var ganske koseleg å sitte rundt teljosa og berre snakke.

Serengeti nasjonalpark

Dei siste dagane i Tanzania var vi i Serengeti nasjonalpark på safari og vi fekk også vitja verdas største vulkanske krater.

Vi overnatta i ein teltleir der. Det var spennande! Telta var som flotte, norske hotell og hadde utsøkt mat. Å vere så tett innpå dei store, ville dyra var heilt fantastisk! Det første eg såg då eg vakna morgonen etter var ein frosk på myggnettingen, og når vi kom ut av teltet såg vi rett på ein bøffel berre eit nokre meter unna.

Denne dagen var vi også på safari til parken stengde. Då køyrde vi til millionbyen Arusha og overnatta der. Morgonen etter drog vi til ei internasjonal kyrkje og deltok på gudsteneste.

Etter ti ubeskrivelege dagar i Tanzania, var det på tide å vende nasen heimover. Vi tok buss tilbake til Nairobi og derifrå fly heim til Vigra, via Amsterdam, som på utreisa.

No er vi komne heim, litt slitne, men med mange gode og sterke opplevingar, som vi aldri vil gløyme.

– Hyggeleg å treffe folka

Ein av dei andre elevane som var med på turen var Sindre Stokken.

– Kva enkelthendingar overraska deg på turen?

– Det var veldig hyggeleg å treffe folka – å vere saman med lokalbefolkninga, på skulen og heime hos familiar. Standarden i Tanzania er ganske annleis enn i Norge. Det er stor forskjell på rike og fattige, i måten dei budde på og korleis dei levde, og på maten deira. Å vere på toppen av Bundafjellet var kjekt. Det var ein topp, og resten rundt var heilt flatt. Om vi står på ein fjelltopp i Noreg, så ser vi mange andre fjelltoppar i horisonten.

Stokken fortel at folka dei møtte var veldig begeistra for å sjå dei og gjestfrie.

– Sjølv om dei ikkje var så flinke i engelsk, ville dei bli kjent med oss, seier han.

– Var det noko du blei overraska over, eller ikkje hadde forventa?

– Eg hadde ikkje så spesielle forventningar om turen, men eg hadde vel ein idé om korleis det var der. Det var meir det at eg fekk sjå med eigne auge korleis det var.

Heile reisebrevet kan du lese i Sunnmøringen si papirutgåve laurdag.


Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir