– Er ei fantastisk løysing

– Ein ny Strynefjelltunell med arm til Geiranger er ei fantastisk løysing for Stranda, meiner Steinar Belsby i Stranda kommune.

Kryssløysing: Ein heilårsveg til Geiranger har vore ønska i mange år, no er tilleggsutgreiinga frå Vegvesenet om ein tunellarm frå fylkesveg 15 Strynefjellet i sluttfasa og skal leggast fram i mai. Ein tillet normalt ikkje kryssløysingar i tunell, så saka må inn til vurdering i Vegdirektoratet. Steinar Belsby i Stranda kommune meiner at det skal gå greitt.   Foto: ILLUSTRASJON: GODE VEGAR

Ein heilårsveg til Geiranger vil ikkje berre gagne Stranda

Steinar Belsby
Fra papir

Han har på vegner av Stranda kommune deltatt i tre møte med Statens vegvesen, saman med Stryn og Skjåk kommunar.

Tilleggsutgreiinga frå Vegvesenet om RV15 Strynefjellet med tunellarm til Geiranger er i sluttfasen, og vil leggast fram i mai.

Trygg løysing

– For Stranda må ein òg sjå på ei løysing med fylkesveg 60 gjennom Hornindal, ikkje minst med omsyn til inn- og uttransport frå næringslivet. Med begge løysingane på plass vil ein få ein mykje lettare og tryggare transportveg, seier Belsby.

– Ein heilårsveg til Geiranger vil ikkje berre gagne Stranda, den vil òg gagne Nordfjord-regionen med omsyn til turisme, seier Belsby.

Då forslag til Nasjonal Transportplan (NTP) 2018–2029 vart lagt fram førre veke, var ikkje RV15 Strynefjellet ikkje inkludert.

Ordførar i Stryn, Svein Flo (H) uttalar til Fjordingen denne veka at han har tru på at RV15 kjem inn i NTP.

– Vi meiner vi har ein svært god sak. Vi har fått klare og positive signal frå samferdsleministeren heile vegen, seier Flo til Fjordingen.

Til Vegdirektoratet

I høvet heilårsveg til Geiranger, må saka vidare til Vegdirektoratet.

– Ein tillèt ikkje normalt kryss i tunnel, så saka må inn til vurdering i Vegdirektoratet. Men det trur eg skal gå greitt, seier Belsby.Tunnelen til Geiranger er planlagt som ein tofelttunnell, tilsvarande den nye Ljøen-tunnelen på fylkesveg 60 som opnar i november.

Prognosane for trafikk på Strynefjellsvegen i 2040, syner ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 1.000 køyretøy, kor 24 prosent er tunge køyretøy inklusive buss.

– For Geiranger syner prognosane ÅDT på 900 til 1.000 køyretøy. Her er det vanskeleg å vite fordelinga mellom nyveg og gamlevegen, seier Belsby.

Spådommen er at det med stor sannsyn vil vere at fire av 10 kjem til å bruke gamlevegen, spesielt gjeld dette turisttrafikken.

Geiranger sentralt

– Beredskapsanalysen viser at Geiranger har kortast brannutrykking på den nye vegløysinga, med 20 minutt. Skjåk vil ha 45 minutt utrykking, og Stryn rundt 30 – 45 minutt. Ambulanse vil òg få kortast utrykkingstid frå Geiranger, seier Belsby.

Geiranger vil bli sentral i beredskapsarbeidet med ny vegløysing på plass.

– Då må det òg tilkalle utstyr til Geiranger. Per no har vi ikkje godt nok utstyr. Vi har mellom anna ikkje tankbil, noko som er eit krav. Raskare bil med naudsynt utstyr er òg viktig å få på plass, seier Belsby.

Han gir ros til Vegvesenet for å involvere beredskapsetatane tidleg i prosessen.

– Politi, ambulanse og brann har vore involvert i risiko- og sårbarheitsanalysane, og har diskutert mellom anna evakuering og brann i tunnelar, seier han.

Unngår vinterproblem

Hovudtunnelen skal gå frå Skåre til Breidalen, og ikkje vere brattare enn 5 prosent.

Det er lagt opp til at ein skal kome ut lenger nede i Breidalen for å både unngå vinterproblem, samt å unngå villreinkryssingane i området.Frå Skåre til Breidalen er det lagt opp til tre felt, to felt stigande og eitt imot.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir