Reisebrev frå Roma:

Besøkte katakomber og vakre kyrkjer

For tre veker sidan var VG2 ved Vestborg vidaregåande skule på klassetur til den italienske hovudstaden.
Fra papir

Det var ein livleg gjeng som sette seg i bussen til Vigra midt på dagen den 16. april. Det skulle bli godt å kome seg til litt varmare strøk nokre dagar.

Flyet frå Vigra gjekk ca. klokka halv fire, og med ein time mellomlanding i Oslo var vi i Roma i ni-titida om kvelden. Da var det berre å kome seg til hotellet og leggje seg.

Fekk sjå flotte kyrkjer

Målet for turen var å lære litt bibelsk historie, og første dagen i Roma var vi i fleire flotte kyrkjer, blant anna Basilica di San Paolo fuori le Mura (Pauluskyrkja utanfor bymuren) og San Pundenziana. Fantastisk flotte byggverk og ei oppleving å sjå.

Det er over tusen kyrkjer i Roma og dei er flittig i bruk. Det er faktisk mangel på kyrkjer i utkantane av byen. Sankt Paul ligg utanfor murane og er ei gjenoppbygging etter brannen i 1823. Kyrkja blei bygd opp igjen nesten identisk med den opphavlege. Den blei i første omgang bygd av Keiser Konstantin på den staden dei meiner Paulus blei gravlagd. Utanfor kyrkja står ei statue av Paulus. Denne kyrkja er rekna som ei av dei vakraste som finst.

Vitja katakombane

Seinare på dagen fekk vi gå ned i katakombane, der dei første kristne gravla sine døde.

Det var ganske mørkt og kaldt nede i gangane og nokre av oss syntest det var skummelt og ubehageleg å vere der. Mange syntest det var spennande også. Katakombane blei oppdaga på slutten av 1500-talet av ein bonde som grov i åkeren sin og plutseleg fall ned i ein tunnel. Nokre stader er det opp til seks etasjar med katakombar over kvarandre.

– Imponerande bygning

Om kvelden drog vi og såg på Colosseum, Fontana di Trevi og Spansketrappa. Colosseum er det største amfiteateret verda har sett og hadde plass til 50.000 tilskodarar.

Under Romarriket vart det arrangert mange ulike førestillingar her, men dei mest populære var gladiatorkampane. Gladiatorar var menn som blei trent opp på gladiatorskular til å bli sterke og modige. Under kampane måtte dei slost mot ville dyr eller mot kvarandre. Det stod om liv eller død. Etter at det store Romarriket gjekk i oppløysing, har Colosseum blitt brukt til hospital, kvegmarknad, arena for tyrefekting, kyrkje og anna. I tillegg henta seinare keisarar byggmateriale her for å byggje sine eigne store palass. Heldigvis står ein god del att enno, og det er ei imponerande bygning å besøkje.

Kjente landemerke

Fontana de Trevi er ei vakker fontene og kanskje den mest berømte i byen. I følgje gammal tradisjon kan ein kaste ein mynt over venstre skulder ned i fontena, då veit du at du kjem tilbake til Roma igjen. Mange gjer dette, og pengane blir samla inn og gjeve til velgjerdsføremål. Fontena er også kjent frå ein gamal film med den svenske filmstjerna Anita Ekberg, som badar i fontena.

Spansketrappa er eit av de mest kjente og besøkte turiststadene i Roma i dag. Det er berre ei trapp, men med si flotte utforming og størrelse har den blitt eit samlingspunkt. Her ser du vanlegvis fullt av menneske som berre sit og snakkar saman eller nyt den vakre utsikta. Rett nedanfor trappa ligg ei fin fontene utforma som ein båt. Det er vanlegvis eit yrande folkeliv her om kveldane. Dessverre var trappa under restaurering då vi var der, men det var likevel tjåkande fullt med folk rundt omkring.

Sentrum for Romarriket

Dagen etter var vi tilbake til Colosseum og fekk høyre meir romersk historie om republikk og keisartid, før vi drog til Forum Romanum.

Forum Romanum var eit senter for handel, religion og politikk i antikken, det var sentrum for Romarriket, og dermed heile verda, i ca. 500 år. I dag er det mest ruinar att å sjå.

– Fantastisk utsikt

Tredje dagen var vi i Vatikanstaten, som er verdas minste uavhengige stat. Den ligg inne i Roma og har i underkant av 1.000 innbyggjarar. Paven er eineherskar i Vatikanet.

Etter å ha stått ei stund i kø på Petersplassen, kunne vi gå inn i den vakre Peterskyrkja. Dette er verdas største kyrkje og den er overdådig og flott utsmykka. Mange av oss betalte for å kome opp i kuppelen av kyrkja. For å kome dit kan ein ta heis eit stykke, men vi gjekk alle dei 500 trappestega. Trappa vart smalare og skeivare dess høgare vi kom. Det var absolutt verd strevet, for utsikta frå kuppelen over Roma var fantastisk. Heile kyrkja er full av flotte kunstverk av store kunstnarar og sjølve kuppelen er teikna av Michelangelo, som var ein av verdas største kunstnarar.

Oldtidskyrkje

På ettermiddag denne dagen var vi i Pantheon, ei kyrkje frå oldtida, som framleis er nesten heilt intakt.

Denne kyrkja er veldig spesiell. Den har ein kuppel som er større enn den i Peterskyrkja. I kuppelen er det ei ni meters sirkelopning, som er einaste lyskjelde i heile bygninga. Når det regner samlar vatnet seg i ein liten brønn under golvet og blir ført til elva Tiber. Pantheon blei bygd ca. 120 år etter Kristus. Sjølv om den er eit vakkert syn i dag. så var den visst enno vakrare då. Kuppelen var dekt av gullplater og murane dekket av marmor.

Badestrand og fotballkamp

Den fjerde dagen var vi innom tre andre kyrkjer først på dagen. Etter lunsj kunne vi velje mellom å dra med tog ut til kysten for å bade, dra på fotballkamp eller gå på shopping. Mange av oss drog til stranda. Det var litt vind og kjølig, men alle bada og sola seg.

Ein gjeng drog på kamp mellom Roma og Torino på Olympia stadion. Det var visst ein utruleg spennande kamp og heile stadion var med! Roma vant etter at Totti skåra to mål dei siste fire minutta. Det var heilt vilt og ei fin avslutning på turen, meinte dei som var der.

– Interessant og vakker by

Alle dagane hadde vi god tid til å gå for oss sjølve, på shopping og sightseeing, innimellom dei obligatoriske attraksjonane. Roma er ein interessant og vakker by. Overalt ein går i denne byen får ein eit glimt av fortida, gjennom fantastiske bygningar og andre kunstverk. Elles er det mange gode restaurantar med utsøkt mat og små bakeri med gode dufter og smakar.

April er ei fin tid på året å besøke Roma for dei som ikkje likar alt for høge temperaturar, sjølv om det faktisk var ganske varmt no då vi var der. Har du ikkje allereie vore i Roma, så vil eg anbefale å ta ein tur. Det er ein veldig vakker og opplevingsrik by!

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir