Oppskytinga er i gang

Hjortejakta startar 1. september, og mange nyttar høvet til å skyte opp til storviltjakta på Overvoll.

Oppskytinga til jakta er obligatorisk, kvart år. Jegerane skal skyte to puljer på til saman 30 skot på blink, i tillegg skal dei skyte fem skot på storviltblinken i midten for å få jakte til hausten. Skytinga går føre seg frå 100 meters hald, under oppsyn av Stranda skyttarlag. 

Sjølv om Ole Marius Sylte (16) har jakta småvilt før, er det første gang han prøvar oppskytinga til storvilt. Den bestod han med glans, og då er berre å bu seg til hjortejakt i september. 

Fra papir

For å kunne drive jakt, er det krav om å bestå ei oppskyting i tillegg til den teoretiske jegerprøva. For storviltjakta er denne på totalt 35 skot. 30 skot på ein blink. Desse må skytast i to puljar på 15 skot.

Fem skot skal skytast på ein storviltblink som alle skal vere innanfor eit avgrensa område på blinken.Det er Stranda skyttarlag si jegergruppe som held oppskytinga på skytebana.

Strenge reglar

– Reglane er strenge, og det må dei vere. Jegerane har vorte mykje flinkare, og den obligatoriske skyteprøva er mykje av orsaka, seier leiar for ettersøksringen Ove Nordang.

– Det er som med alt anna – jo meir trening du får, jo betre blir du, fortel han. Han meiner at det aktive skyttarmiljøet i Stranda gjer sikrare skyttarar generelt.Frå 1994 vart det obligatorisk med ettersøkshundar, og Nordang har sjølv drive ettersøk sidan 1993.– Det er viktig at du får bruke hundane. Skyt du på eit dyr, så er det å rekne som skadd til det motsette er bevist, seier Nordang. Det treng ein hundane til, som er trena i både blodsporing og duftsporing. Sjølv om dyret er påskote og dødt, treng det ikkje vere blodspor etter det. Men det vil uansett vere duftspor, fordi eit skadd dyr vil skilje ut ei spesiell lukt via duftkjertlar i klovane.

Rekruttering

Jegerane i Stranda er i hovudsak 40 pluss i alder, men yngre jegerar kjem òg til. Ein av desse er Ole Marius Sylte (16).

– Eg har jakta småvilt fram til no, eg tok jegerprøva då eg var 14 år. No vil eg ta oppskytinga til storvilt, seier Sylte.– Hjorten er eit majestetisk dyr, og jakta er meir spennande. Jakta er for matauk og flotte naturopplevingar, fortel han.Han kjenner fleire som er nysgjerrige på jakt, og kan anbefale det varmt sjølv.– Det er mykje betre enn å sitte inne og spele. Det er overraskande få damer som jaktar, det burde ha vore fleire, meiner Sylte. Sylte bestod den obligatoriske oppskytinga med glans. Han er dermed klar for hjortejakt frå september.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir