Arbeidsmarknadstala

Sterk nedgong i arbeidsløysa i Stranda

Talet på heilt ledige i Stranda kommune fortset å gå ned, både siste månad og siste året.

  Foto: Børge Sandnes/Colourbox.com

New Articles

Dette kjem fram i ei pressemelding frå NAV.

Størst nedgong i Stranda

Sju færre personar har i april vore heilt arbeidsledige. Siste året er nedgongen på heilt arbeidsledige på 23 personar.

Sykkylven har i april månad ei auke på ein heilt arbeidsledig, ein nedgong på sju færre heilt arbeidsledige siste året.

Stordal ligg stabilt siste året, medan det i april er ein nedgong på to færre heilt arbeidsledige.

Norddal syner ei auke på to fleire heilt arbeidsledige, stabilt siste månad.

I fylket er det 821 færre heilt arbeidsledige siste året. Nedgongen i april er på 149 færre heilt arbeidsledige. Totalt er no 3.452 personar heilt arbeidsledige i fylket, noko som utgjer 2,5 prosent av arbeidsstokken.

Størst nedgong i arbeidsløysa har Kristiansund, Ulstein, Haram, Ålesund og Molde. Herøy har den største auken, med 37 fleire personar som har blitt heilt ledige siste året.

Normale sesongvariasjonar

I Noreg er det ein nedgong i talet på heilt ledige på 11.415 personar. Siste månaden er 2.038 færre heilt ledige. Totalt er det no 66.797 heilt ledige i Noreg, noko som utgjer 2,4 prosent av arbeidsstokken.

- Arbeidsløysa er omtrent den same som i førre månad. Ein nedgong på 149 målt i faktisk mengde arbeidslause, men heilt stabilt om vi tek omsyn til normale sesongvariasjonar, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV.

- Blant dei arbeidslause er det innvandrarar, ungdom og dei som har vore arbeidslause lenge som har den høgste prioriteringa frå NAV. Dette heng mellom anna saman med at dette er grupper som kan ha ekstra vanskar med å kome seg inn i arbeidsmarknaden, seier han.

- Vi ser at arbeidsløysa blant ungdom under 30 år det siste året har vorte redusert frå 1.110 til 923, og blant innvandrarar utanfor EØS er reduksjonen frå 609 til 554. Blant gruppa som har vore arbeidssøkjande i over eitt år er reduksjonen frå 1.223 til 1.079, seier Veland.