Femte til sjuande trinn ved Ringstad skule

Trampeklapp for framsyninga

Femte til sjuande trinn ved Ringstad skule fekk fullt fortent trampeklapp frå eit fullsett Storfjord kulturhus. Elevane sjarmerte alle - inklusive Sunnmøringen sin redaktør.

Kreditering: Maria Kristine Henriksen-Sandvær

New Articles

Femte til sjuande trinn ved Ringstad skule sjarmerte eit fullsett Storfjord kulturhus og Sunnmøringen sin redaktør med framsyninga "Balle Frost og leiketøysbanditten" torsdag kveld.


Elevane song, gjorde akrobatikk, spelte teater, dansa... Kort sagt: Eit mylder av kreativitet og speleglede. I tillegg hadde elevane laga til alle kulissane.


Den fullsette salen reiste seg kollektivt og kom med trampeklapp fleire gonger - som her, under avsluttingsnummeret.


Sunnmøringen seier vel blåst til elevane - og takk for ei framifrå framsyning!


(Vi skal ikkje avsløre her kven som faktisk var skurken, eller kvifor. Men vi registrerer at vedkommande var frå ei konkurrerande avis....)