Lokale råser og namn

Nytt opplag av populært turkart

Det populære turkartet i Stranda har kome i nytt opplag.

Turkart Ti år har gått sidan Petter Hjørungdal lanserte turkartet for Stranda kommune etter ein stor lokal dugnad. No er det kome i nytt opplag.  Foto: Arkiv

New Articles

Det er ti år sidan kartet vart lansert første gongen. Ei frittståande gruppe med Petter Hjørungdal i spissen, hadde tatt initiativet til å utarbeide eit detaljert kart over råser og turvegar i heile kommunen. dette arbeidet tok tre år.2 Kartet har vore utselt ei tid, men no kan ein få kjøpe det i bokhandlaren på Stranda og andre butikkar.

Stor etterspurnad

-Etterspurnaden etter kartet var stor. Det er Stranda kommune som no distribuerer det, og då det vart klart at første opplag var utselt, tok eg initiativ til å trykke eit nytt opplag på 4.000 eksemplar. Det skulle vare ei tid, meiner den stadig aktive Petter Hjørungdal.


Går i bresjen for nytt turkart

Turistkommunen Stranda manglar eit kart over alle løypene og råsene i området. Det vil Petter Hjørungdal gjere noko med.


Bortsett frå nokre små detaljar har det ikkje vore naudsynt å gjere endringar på kartet. Då det første gongen vart utarbeidd, vart det gjort eit stort arbeid i alle bygdene i kommunen for å registrere råser og turvegar. Svein Lunde har tatt dei mellom 40 og 50 bileta som pryder eine sida av kartet. Han har stilt dei til disposisjon gratis. Overskotet av kartsalet går mellom anna til å halde dei lokale råsene opne. På Stranda blir det gjort eit aktivt arbeid for å rydde råser, og Hjørungdal håper at alle bygdelaga følgjer opp.

Stort

-Vi ønskte å ha med heile kommunen på eitt kart. Med ein målestokk på 1:50.000, er det blitt eit stort kart, som for mange er lite handterleg når ein er på tur. Det høver fint til å hengje opp på veggen. Det einaste aberet med kartet er at papiret skulle ha vore i betre kvalitet. Diverre er det ikkje mogleg å trykke plastbelagte kart i denne storleiken, seier Petter Hjørungdal.