Tørke stenger elvar

Normalt fiske i Korsbrekkelva

Trass lite nedbør ser fisket i Korsbrekkelva til å klare seg godt i den verste tørken på 70 år.

Normalt Fisket i Korsbrekkelva klarar seg godt, trass i lite nedbør. Det er verre med andre elvar.  Foto: Arkiv

New Articles

Både Aureelva i Sykkylven, Ørstaelva og Bondalselva i Ørsta og Solnørdalselva er stengde for fiske, melder NRK Møre og Romsdal.

 – Truleg blir både Stordalselva og Valldøla i Norddal også stengde for fiske tidlegare enn vanleg, seier Jan Melseth, nestleiar i foreininga Lakseelvar på Sunnmøre til NRK.

Nord om Romsdalsfjorden er Moaelva i Fræna stengd av, og Surna er delvis stengde for laksefiske. Mest normalt ser laksefisket til å vere i Driva på Nordmøre og Korsbrekkeelva på Sunnmøre.

– Det må 40–60 mm nedbør til dersom det skal monne for vasstanden i dei andre elvane, meiner Melseth, til NRK.

Det er tidlegare meldt om at Eira er delvis stengd for laksefiske. Det meiner fritidsfiskar Eugen Vågsæter frå Stranda ikkje kan vere riktig. Han fiska i helga, og der var det full aktivitet med godt fiske. Han skal ha fått stadfesta av Eira Flyfishing at heile elva er open for fiske.