Lynet

Øydelegg elektrisk utstyr for millionar

I fjor øydela lynet for 5 millionar kroner i Møre og Romsdal. 70 prosent av skadane skjer nå i sommarmånadene juni, juli og august.

Kommunikasjonssjef Arne Voll er kommunikasjonssjef i Gjensidige 

New Articles

I verste fall kan lynnedslag starte bustadbrannar eller skogbrannar som vi har sett mange av i Sør-Norge den siste tida. Men hardast går det som regel utover elektrisk utstyr som er kopla til elnettet, heiter det i ei pressemelding frå Gjensidige.

Totalt registrerte forsikringsbransjen i Møre og Romsdal 150 skader i 2017. (Alle tal frå Finans Norge) Antall melde skader varierer veldig frå år til år.

– Lynskadar dekkes av forsikringa, men det er mykje ein kan gjere for å unngå at frysaren, kjøleskapet, datautstyr eller TV’n ryk, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Frå 2010 blei det påbudt med overspenningsvern i sikringsskap i alle nye bustader, men framleis er det mange som manglar dette i sine heim.

– Overspenningsvernet hindrar at lynet øydelegg elnettet i bustaden og det elektriske utstyret som er kopla til. I tillegg er overspenningsvern som du setter rett i stikkontakten lurt å ha, seier Voll.

Kraftig auke i lyn-erstatningar

Gjensidige har gjort ein analyse av bransjetal, og tendensen er tydeleg. Antall lynskadar har økt med 30 prosent, samtidig som erstatningane har økt med over 100 prosent de siste ti årene samanlikna med tiårsperioden før. Store mengder finkjensleg elektronikk i heimane våre må ta hovudskylda, heiter det i pressemeldinga.

– I tillegg kan klimaendringane spele noko inn. Våtare og varmare vær fører til meir lyn, seier Voll.


Gode råd

  • Installer overspenningsvern i sikringsskapet. Må gjerast av el-installatør.
  • Kjøp FG-godkjente pluggvern som setjast direkte i stikkontakten. Fryser, TV, datautstyr og liknande pluggens så i dette vernet.
  • Trekk ut stikkontakten på utsett elektronikk dersom du skal på ferie eller veit det er fare for tordenvær.

Kor langt unna er lynet?

Lyden beveger seg 330 meter per sekund. Dersom det går tre sekund frå du ser glimtet til du høyrer braket, var lynet ein kilometer unna.