Stranda Brannvern

Skryt av campingplassar

Stranda Brannvern gjennomførte førre veke ei befaring på fleire campingplassar i Geiranger.

Tryggleik Stranda Brannvern meiner eigarar av campinglassar i kommunen er flinke til å påsjå at bilar og campingvagner ikkje står for tett.  Foto: Stranda kommune

New Articles

Her hadde ein fokus på informasjon til eigar og tilsette om branntryggleik og brannforebygging.

- Eigarane av campingplassane er flinke til å  påsjå  at avstand mellom camingvogner og bubilar er  min. 3 meter, og det var kun på ein plass ein registrerte at dette ikkje var overhelde, heiter det i ei melding påp nettsida til Stranda kommune.


Geiranger

Camping kan bli brannfelle

- Eigarar av campingplassar tek på seg eit stort ansvar dersom ein lar seg overtale av gjestar til å parkere tett, seier brannsjef Inge Teigen i Stranda.


Alle campingvogner og campinghytter skal ha slokkeutstyr og røykvarsler. Dette er det eigar av campingvogn eller hytte som er ansvarleg for.

Eingongsgrillar eit problem

Elles hadde ein fokus på bruk av åpen eld og grilling. Nokre av campingplassane hadde hatt tilløp til brann pga. eingongsgrillar, og hadde derfor grillar for utlån. Ein anbefalte campingplassane til å tilrettelegge trygge plassar for grilling med underlag av grus e.l. Det er også viktig at det er avfallsdunk for brukte eingongsgrillar og grillkol på campingplassen.

Affallsdunkar

Ei utfordring ved fleire campingplassar er at avfallsconteinarar og dunkar er plassert inntil bygningar. Ved brann i avfallet vil brannen spreie seg til bygninga på kort tid. Avfallsconteinarar og dunkar bør stå min. 8 meter frå brennbar bygning.

Det var ingen av campingplassane som hadde tilfredsstillande oversiktsplan/kart som viser kvar m.a. plassering av slokkeutstyr, branngater, seksjonar/parkeringsfelt, køyrevegar, naudnummer m.m.