Véret

Meir regn - noko opphald

Dei neste dagane blir prega av regn i vestlandsfylka og i Trøndelag. Lyspunktet er at det også blir periodar med opphald.
New Articles

– Det blir litt meir vestavêr framover. Og da er det oftast Vestlandet og Nord-Norge som får dette. Austafjells er ein meir skjerma, fortel statsmeteorolog Ragnhild Nordhagen ved Meteorologisk institutt til NTB.

For Vestlandet og Trøndelag betyr det nedbør, noko som også gjeld nord på Austlandet.

– Men det blir også periodar utan regn, roar meteorologen.

Fredag ettermiddag kan sørlege delar av Trøndelag, indre strøk av Nord-Vestlandet og nordlege delar av Austlandet og få kraftige regnbyer med tore.

Temperaturmessig vil Midt-Norge og Vestlandet liggje mellom 15 og 20 grader på det høgste.

Meir vanleg sommar

Noko varmare vêr kan folk i aust og sør vente seg, med rundt 25 grader. I nord skal gradestokken ned under 15 grader. Altså er vi på eit nivå med meir normale sommartemperaturar i det meste av landet.

Så seint som onsdag blei det registrert nye augustrekordar for både Troms og Finnmark. Sørkjosen i Troms hadde 30,1 grader , mens Banak i Finnmark hadde 31,2 grader.

Det er venta ein hetebølgje sør i Europa, særleg i Spania, Portugal og sør i Frankrike. Områda kan få opp i 40 grader.

– Den breier seg nordaustover, og aust for oss får dei det varmare. Men vi blir ikkje berørte, seier meteorologen.

Etter helga er det venta at temperaturane vil halde seg på same nivå i det meste av landet.

Lokal skogbrannfare

Skogbrannfaren har blitt noko redusert på Vestlandet på grunn av nedbør dei siste dagane.

– Her er det ikkje ute nokon farevarsel, men det kan lokalt vere stor skogbrannfare, seier Ragnhild Nordhagen.

I aust og sør er vil det framleis vere svært stor skogbrannfare.

– Vi har ikkje fått like mykje nedbør over tid her som kan dempe skogbrannfaren, seier meteorologen.

Det kjem ein kaldfront inn mot Nord-Norge, og inn mot helga kan alle dei tre nordlegaste fylka vente seg periodar med regn. Når det gjeld Austlandet og sør i landet, blir det stort sett tørt i helga. Unntaket er altså dei nordlege områda.

(©NPK)

Bilete: td03e67eVestlandet får regn i helga, til liks med Trøndelag. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix/ NPK