Turisthytter

Monseneffekt i fjellet

Fleire av hyttene til Den Norske Turistforening (DNT) hadde besøksrekordar i juli.

Fleire av hyttene til Den Norske Turistforening (DNT) hadde besøksrekordar i Juli.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK

New Articles

– Det har vore over 65.000 overnattingar i juli på dei betente hyttene vår. Vi har hatt ein auke på seks prosent mot same månad i fjor, så det er mange som besøkjer hyttene våre, seier kommunikasjonsrådgivar Margrethe Assev i DNT til NRK.

Blant hyttene der besøka har auka mest er Fannaråkhytta (2.068 moh.) og Skogadalsbøen. Sistnemnde hadde 2.200 overnattingar i juli i år mot 1.300 i same månad i fjor.

Begge hyttene blei besøkt av Lars Monsen og turfølgjet då NRK sende «Monsen minutt for minutt» frå Jotunheimen.

– Det kan hende at mange har blitt inspirert til å ta turen ut eller til å vere med på desse turane, seier Assev.