Turistnæring

Nordens lengste zipline opnar i Flåm

Laurdag opnar den lengste ziplina i Norden i Flåmsdalen i Aurland. Der får du legge bak deg 1.400 meter på eit drygt minutt med ein toppfart på 100 kilometer i timen.

Her i Flåmsdalen i Aurland opnar den lengste ziplina i Norden laurdag.   Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix/ NPK

New Articles

– Det blir litt artig å sjå responsen. Men vi må jo vere litt tolmodige, det er ikkje så mange som veit om det enno. Men på sikt trur vi det blir bra, seier ein av initiativtakarane til selskapet Flåm Zipline AS, Pål Mikkel Dalsbotten, til NRK.

Ein zipline er ein løypestreng ein kan feste seg til og få ein luftig tur frå toppen av løypestrengen til den andre enden.