Åtvaring frå Tryg Forsikring

- Fest trampolina før uvéret

Det er meldt om sterk vind delar av landet, og det gjeld å vere førebudd også på Nordvestlandet.

Båten Er båten skikkeleg festa?  Foto: Redningsselskapet

Trampoline Vinden kan ta kraftig i trampoliner. Godt feste før uvér er naudsynt. 

New Articles

– Spesielt kastevinder kan vere kraftige nok til å kunne løfte trampolinar og partytelt opp i lufta. Derfor råder vi folk til å sikre alt av lause gjenstandar så raskt som mogleg. Bind fast trampolinen og rydd inn hagemøblar, parasollar, partytelt og grillen. Det har vore syden-stemning lenge og mange er nok ikkje forberedt på uvêr og masse nedbør, men nå skjer det, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring.Uvêret i Sør-Norge er fredag nedjustert noko når det gjeld vindstyrken. Det er derimot meldt store mengder nedbør, opptil 70 mm.

Mykje nedbør

– Med uvêret følger det mykje nedbør, og når det kjem så mykje regn på kort tid er det viktig at avløpa er mest mogleg opne. Folk bør ta ein rydderunde snarast og sjå over at ikkje avløpa er tvettet igjen av lauv og gras. Det blir fort mykje overflatevatn dersom avløpa ikkje klarer å ta unna, noko som igjen kan medføre at vatnet trenger inn og skader kjellarar og hus, seier han i pressemeldinga.

Sikre båten straks

Hagemøblar Det gjeld å surre hagemøblane godt. 

Har du båt bør du sjå til at den er skikkeleg sikra nå. Kvart einaste år pleier mange båtar slite seg i dårleg vær om sommaren. Ofte er ikkje båtane godt nok sikra mot de kraftige vindkast som følger med ein storm.

Fortøye

– Du bør snarast sjå til at båten er skikkeleg fortøydd, helst med fire punkt.

Har du båten i båthamn kan det jo også vere greitt å kaste et auge på resten av båtane i hamna, slik at ein unngår at nokre båtar slit seg og blir liggjande å slå mot andre båtar. Husk også at det kjem godt med nedbør, så sjekk at alt er tett, seier Brandeggen.