Forureining

- Sjekk brønnvatnet ditt

Kraftige regnskurar på hard og uttørka jord kan forureine brønnvatnet ein periode, åtvarar Mattilsynet etter den tørre sommaren vi har hatt i store delar av landet.

Brønn Mattilsynet oppmoda eigarar av brønnar om å sjekke brønnvatnet.  Foto: Colourbox

Forureining Brønnvatnet blir lettare forureina etter kraftig regnvêr no når jorda er så uttørka mange stader, åtvarar Mattilsynet.  Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

New Articles

– Kraftig plaskregn kan dra med seg jord, bakteriar frå dyreavføring, døde smådyr og anna forureining ned i brønnvatnet via sprekkar i grunnen eller andre opningar. Faren for at dette skjer er særleg stor etter langvarig tørke, ettersom jorda er hard og ikkje klarer å absorbere vatnet i særleg grad., seier seniorrådgivar Line Ruden i Mattilsynet i ei pressemelding.

Kontrollere

Ruden oppmodar alle brønneigarar til å kontrollere brønnen etter kraftige regnskurar framover. Ting å sjå etter er om det er døde dyr eller avføring i vatnet, eller om vatnet er grumsete eller luktar uvanleg. Det skadar heller ikkje å få utført ein ekstra drikkevassprøve ved eit laboratorium for å vere sikker.

Brønneigarar kan elles få råd og hjelp frå Mattilsynet lokalt ved å ringje sentralbordet på 22 40 00 00.