Gjødsel

Ny frist for spreiing

17. august 2018 er ny spreiefrist for miljøtiltaka «Tidleg spreiing av husdyrgjødsel» og «Bruk av tilførselsslangar»

Gjødsel I 2018 er fristen i RMP for spreiing av husdyrgjødsel utsett til 17. august. Graset må haustast etterpå.   Foto: Arnold Hoddevik

New Articles

I år er det svært viktig for mange å kunne få ein god tredje slått, for å begrense avlingssvikten mest mogleg. Tørken har ført til låge grasavlingar både på første- og andreslåtten. Mange tek sikte på ein tredjeslått, for å betre fôrsituasjonen, heiter det i ei melding fra Fylkesmannen.

God gjenvekst

Det vil sikre god gjenvekst og vere god utnytting av husdyrgjødsla å kunne spreie den etter andreslåtten, og så få ein tredje slått. Fylkesmannen ønskjer å bidra til at tredjeslåtten skal bli så god som råd er.

Ikkje hinder

Miljøtiltaket tilskot for tidlegspreiing av husdyrgjødsel og bruk av tilførselsslangar skal ikkje vere eit hinder for å utnytte husdyrgjødsel til ein tredjeslått i den vanskelege situasjonen. Derfor er det no beslutta at fristen for slik spreiing blir utsett med ei veke frå 10. august til 17. august. Vilkåret er at føretaket er ferdig med andreslåtten, og gjødslar på, for å få ein tredje slått.