Midlar frå Havbruksfondet fordelt

7, 3 millionar kroner til Stranda

Frank Sve (Frp), Amalie Birkhol (V) og Svein Erik Rimstad (H) fortalde måndag ettermiddag om Stranda sin lut av Havbruksfondet, og eit felles ønske om at pengane skal brukast til aktivitetar til barn og unge i bygda. 

New Articles

Stranda får ein solid pott frå Havbruksfondet i år: Heile 7, 3 millionar kjem som frie midlar til kommunen, etter at Fiskeridirektoratet i dag fordelte midlane.

Havbruksfondet vart oppretta i 2015. Frå og med 2016 har 80 prosent av inntektene frå framtidig vekst i oppdrettsnæringa blitt fordelt gjennom Havbruksfondet til kommunane rundt om i landet. 163 kommunar i ti fylke har fått midlar i år, Stranda mest på Sunnmøre.