To personar kom seg ut

Ras tok bil i Stryn

Ingen personar vart fysisk skadd då det gjekk eit ras ved riksveg 15 Fosen i Stryn.

Ras Ingen vart skadd i raset på rv 15 ved Fosen i Stryn.   Foto: ROY ARON MYKLEBUST, Fjordingen

New Articles

(Sunnmørsposten) Raset skal ha gått ved Fosnes, opplyser Vest Politidistrikt på Twitter klokka 06.08 onsdag morgon.

Dei melder altså at det var to personar i bilen.

– Begge har kome seg ut. Ingen andre har vore i raset. Politiet er på veg, vart det opplyst i den første meldinga.

Riksveg 15 er stengt og vil truleg bli stengt ei god stund framover.

Vest politidistrikt melder at ein geolog er varsla og er på veg til staden for å vurdere rasfaren.

– Det vil alltid vere fare for nye ras. Vår oppgåve akkurat no er å sikre området, slik folk eller bilar som er i området ikkje er i fare. Vi har ei patrulje på staden som passar på, seier Stein Rune Halleraker, operasjonsleiar.

Ingen personar er skadd.

– Er de sikre på at det ikkje er fleire personar som er blitt tatt av raset?

– Det er ingenting som tyder på det. Dei to som sat i bilen som blei tatt av raset har forklart at dei ikkje såg andre i området, då dette raset kom, seier Halleraker.

Politiet fekk melding om raset klokka 05.47 og det skal ifølge politiet vere om lag 30 meter breitt og to meter på det høgaste.

Ein nabo ved rasstaden med eigen målestasjon fortel Fjordingen om 40 mm nedbør frå midnatt.

Vest politidistrikt melder om svært mykje vatn på vegane fleire stader i Hordaland og Sogn og Fjordane.

(Saka vart først publisert i Sunnmørsposten)