Går mot mørkare tider

Ønskar belysning langs Strandaelva

I eit brev adressert Stranda kommune kjem Henrik H. Bjørdal, på vegner av fleire bedrifter, med ønske om å få lyssatt turstien langs Strandaelva frå PI fabrikken og til Øyna.
New Articles

Bjørdal nemner i brevet at ei slik lyssetting kan gi eit forbedra heilheitsinntrykk av sentrum. No når vi er komen til hausten og mørkare tider kan det vere at folk vegrar seg for å bruke den elles godt brukte turstien. Bjørdal skriv også at hærverk og innbrudd lettare kan skje i områder som ikkje er belyst. Alle desse punkta er gode argument for å få til ei slik lyssetting.

- Vi ser at fundament og kablar allerede er på plass. Kablar bør ikkje ligge ute slik over lang tid med tanke på at dei kan ta skade av det, skriv Bjørdal

Ein fin plass å sete og sjå utover elva.  Foto: Eivind Louis Helset